1/19
Looks like no tags are added yet.
Name | Mastery | Learn | Test | Matching | Spaced |
---|
No study sessions yet.
570, 622, 632 e.v.t
570 e.Kr.: Muhammed ibn Abdullah vart fødd i Mekka av mora Amina. Ho kunne sjå til borga Bosra i Syria grunna eit sterkt lys, ho fekk beskjed av ei røyst som sa at sonen skulle heitte Muhammed og at ikkje noko vondt skulle skje med han. Ei stjerne steig opp over Mekka.
622 e.Kr.: Muhammed, familien og tilhengjarane hans flytta frå Mekka til Medina, grunna konfliktar med kjøpmenna i Mekka. I Medina vart det første islamske samfunnet starta. Dette året er rekna som år 0 i den islamske tidsrekninga.
632 e.Kr.: Muhammed døydde. Han hadde ikkje peikt ut nokon ny leiar etter han. Her delte så Islam seg i to retningar; sunni og sjia.
Dei 5 søylene
Dei 5 søylene i islam er ting som alle muslimar skal gjere etter beste evne:
truvedkjenninga (Det er ingen gud uten Gud, og Muhammed er hans profet)
bøn (fem gonger om dagen)
faste (under ramadan, faste mellom soloppgang- og nedgang)
almissa (betale dei mindre heldige (fattige))
pilegrimsreise (Hajj) til Mekka
Dei som skreiv islam sin historie
Ibn Ishaq er ein av dei som skreiv islam si historie. Han var ein historikar, og forteljingane han skreiv om livet til Muhammed og det første islamske samfunnet er dei einaste bevisa for kva som hende.
e.v.t., e.Kr., f.v.m.h
e.v.t — etter vår tidsrekning, muslimar og jødar føretrekkjer dette over e.Kr.
e.Kr. — etter Kristus
f.v.m.h. — fred være med han, blir brukt ved omtale av Muhammed for å vise respekt
Fundamentalisme
Fundamentalistar finst i alle religionar, dei ønskjer å gå tilbake til den “originale” religionen. Islamske fundametalistar tolker Koranen svært strengt og bokstavleg og vil at skikkar og lover frå Muhammed si tid skal gjelde i dag.
Grunnar til at folk tilhøyrar islam
Grunnane til a folk høyrer til islam er mange. For dei fleste er islam noko dei er fødde inn i, eller ein tradisjon i familien eller heimlandet. Nokre blir også overbevist gjennom studier, vennar, osv. om å konvertere til islam, og føler at dette er noko som passar for dei.
Guds budbringarar
Guds budbringarar, eller profetane, vart i følgje islam sendt av Gud for å rettleie menneska. 5 av desse er viktigare enn andre:
Abraham - fekk trua på éin Gud
Moses - fekk dei ti boda
David - fekk salmane
Jesus - fekk evangelia
Muhammed - den største og viktigaste av profetane - fekk Koranen, som skulle gjelde for alle menneska
Guds namn i koranen
I Koranen er Gud omtalt som Allah, altså guden i bestemt form, eller den eine Gud. Når Gud snakkar i Koranen står det “vi” istadenfor “eg”.
Gud har også mange andre namn, totalt 99 stk. Desse skildrer Gud sine eigeskaper.
Hajj (muslimsk pilegrimsreise)
Hajj, altså den muslimske pilegrimsreise, er ei av dei fem søylene i islam. Den er obligatorisk for alle muslimar å gjennomføre minst éin gong, så sant ein kan.
Ei skikkeleg pilegrimsreise skal utførast på ei bestemt tid, på dagen den store eiden feirast. Under reisa skal ein gjennomføre fleire ulike tradisjonelle ritual, blant anna å gå rundt Kaba 7 gonger.
Islam i verda og Noreg (antall muslimar)
I verda er det om lag 1,7 milliardar muslimar (2017), medan det i Noreg er litt over 200 000 muslimar (2018).
Islamisme
Politisk islam eller islamisme, tyder at samfunnet ikkje er demokratisk, men blir styrt etter religiøse lover, slik ein gjer i Pakistan og Saudi Arabia. Islamistar er ofte imot vestlege verdiar som ytringsfridom og likestilling - mykje er derfor forbudt, og straffar som steining, avhogging av kroppsdeler og dødsstraff er svært vanlege.
Nokre islamistiske grupper (t.d. al-Qaida, Taliban, IS) bruker vald og terror for å nå måla sine.
Mekka og Medina
Mekka er fødestaden til profeten Muhammed, og staden for Kaba - den mest heilage staden i islam.
Medina er byen Muhammed flytta til, og kor det første islamske samfunnet vart starta. Kjend som “profetens by”.
Monoteisme
Monoteisme er trua på berre ein Gud, slik som islam er. Derfor seier vi at islam er monoteistisk.
Muhammed (kven, kvar, når, roller, osv.)
Muhammed ibn Abdullah (570-632 e.Kr., fødd i Mekka, døydde i Medina) var kjent for å være grunnleggaren og den første leiaren av islam, og Gud sin siste og største profet. Han mottok Koranen frå Gud gjennom openberringane han fekk over ein periode på 20 år, blant anna frå engelen Gabriel.
Muhammed var også ein politisk leiar i det første islamske samfunnet i Medina. Han var faktisk og ein hærførar, som deltok i mange slag.
Muslimsk erobring av Europa
Mellom 662 og 750 e.Kr. erobra muslimane den iberiske halvøya (dagens Spania og Portugal). Her ifrå har så muslimane med tida spreidd seg utover store delar av Europa, og innvandring grunna krig og konflikt, samt arbeidsinnvandring er meir og meir normalt.
Nordmenns møte med islam/muslimar
Nordmenns møte med islam og muslimar handlar om korleis Noreg har blitt eit samfunn med fleire ulike kulturar og religionar. Dette har ført til diskusjonar og demonstrasjonar om korleis alle skal leve saman, om det er greitt å kritisere religion og om folk er redde for kvarandre. Nokre meiner nemleg at deira kultur sine tradisjonar og verdiar kan bli påverka.
Sharia
Sharia tyder “vegen” eller “stien” på arabisk. Den er dei muslimske, religiøse lovene som er bygga på Koranen og hadithar (kva Muhammed gjorde eller sa). Sharia kan bli tolka på mange forskjellige måtar, og spørsmål kan få ulike svar.
Sufisme
Sufisme er ikkje ei eiga retning i islam, men finst i både sunni og sjia. Her er målet å kome nærare Gud, ved å kjempe mot dei negative kreftene i seg sjølv. Ein skal prøve å endre seg til det betre, ved å leggje frå seg negative eigenskaper.
Sunna
Sunna (tradisjonen etter profeten) er ei samling av fleire tusen hadithar, tekstar som seier kva Muhammed sa, gjorde og kva han var negativ eller positiv til, som fungerer som ei rettesnor for muslimane.
Sunni og Sjia
Etter at Muhammed døydde, vart islam spiltta i 2 retningar:
Sunni:
dei som sa at leiaren skulle veljast
utgjer ca. 85 % av verdas muslimar
Koranen og hadithane skulle være grunnlag lover, reglar og livet i samfunna, men også tilpassa etter lokalsamfunnet sine meiningar
Sjia:
dei som meinte at slekta til Muhammed skulle være leiar
utgjer ca. 15 % av verdas muslimar
seier at det var 12 leiarar (imamar) ette Muhammed, men den siste forsvann, han vart “skjult av Gud”
Konflikar mellom retningane har lite med religion å gjere, heller politikk, det er eigentleg svært små forskjellar mellom dei, dei kan til og med be i same moskee om dei vil.