1/37
Looks like no tags are added yet.
Name | Mastery | Learn | Test | Matching | Spaced | Call with Kai |
|---|
No analytics yet
Send a link to your students to track their progress
celle
Minste byggestein for liv. Alle organismar er bygd opp av anten éin eller fleire.
prokaryot
Organisme der DNA ligg fritt i cytosol i cellene.
eukaryot
Organisme der DNA er omslutta av ein kjernemembran i cellene.
bakterie
Prokaryot, eincella organisme som kan ha alle økologiske roller: produsent, konsument og nedbrytar.
arkar
Prokaryote, eincella organismar, oftast kjemoautotrofe. Mest kjende frå ekstreme miljø.
protistar
Eukaryote, oftast eincella organismar, svært mange ulike organismar høyrer til i dette riket.
plantecelle
Celle frå eukaryote, autotrofe og fleircella organismar.
soppcelle
Celle frå eukaryote, heterotrofe, ein- eller fleircella organismar. Har cellevegg av kitin.
dyrecelle
Celle frå eukaryote, heterotrofe, fleircella organismar. Har ikkje cellevegg.
fotosyntese
Biokjemisk prosess der lysenergi blir omdanna til kjemisk energi.
protein
Store organiske molekyl, bygd opp av aminosyrer og er svært sentral i alle livsprosessar.
enzym
Stoff (protein) som katalyserer dei kjemiske prosessane i levande organismar. (katalysator: stoff som fremmar kjemiske reaksjonar utan å bli oppbrukt.)
cellemembran
Selektivt permeabel hinne som omgir og avgrensar ei celle. Kontrollerer kva som kan gå inn og ut av cella.
cellevegg
Stiv og vernande struktur utanpå cellemembran hos plantar, sopp, bakteriar, arkar og nokre protistar.
cytoplasma
Alt i ei celle innanfor cellemembranen.
cytosol
Cellevæske der alle organellar og strukturar ligg.
ribosom
Små strukturar bygde opp av protein og r-RNA. Finst i alle celler. Deltek i proteinsyntesen.
proteinsyntese
Prosessen der gen (oppskrift på protein) vert transkriberte frå DNA til m-RNA og vidare translatert med hjelp av ribosom og t-RNA til rett aminosyresamansetjing. Ferdig samansett aminosyrekjede (polypeptid) vert til sist falda til endeleg protein.
organell
Struktur eller lekam som er omgitt av ein eller fleire membranar i cytoplasma hos eukaryote celler.
flagell
Lange utbuktingar av celleoverflata, brukt i rørsle for t.d. bakteriar
cilie
Rel. korte hårliknande utbuktingar av celleoverflata, mogleggjer rørsle hos t.d. bakteriar.
pili
Hårliknande strukturar på celleoverflata hos nokre prokaryotar. Gir organismane feste til overflate eller kvarandre. Vert også brukt til å utveksle genetisk materiale mellom cellene.
cellekjerne
Kontrollsenteret i eukaryote celler. Bygd av dobbel membran (m/transportkanalar) som omgir DNA i cella.
nucleolus/kjernelekam
Struktur i cellekjernen. Produserer r-RNA som vert sett saman med protein til ribosom (Ribosoma er nesten ferdiglaga før dei transporterast ut av cellekjernen)
Kjernemembran
Dobbel hinne rundt arvestoffet i eukaryote celler.
Mitokondrie
Energiverket til cellene. Organell med dobbel membran der celleandinga med oksygen skjer (fullstendig forbrenning). Organiske molekyl frå maten vert spalta og energien lagra i ATP-molekyl.
Cytoskjelett
Nettverk av proteinfibrar i eukaryote celler. Stivar opp cella, held organellar på plass og er transportvegar.
Endomembransystemet
Transportsystemet i cella. Består av kjernemembranen, det endoplasmatisk nettverket (ER), golgiapparatet, vakuolar (i plantar), peroksisom og lysosom og cellemembranen
Endoplasmatisk nettverk ER
Membransystem som heng saman med kjernemembran, der stoff blir laga, frakta vidare eller lagra. Finst i glatt og ru «utgåve».
golgiapparatet
Del av transportsystemet med blærer snørte frå ER. Særleg protein og lipid vert blir sortert, omdanna og transportert her.
peroksisom
Organellar med enzym som bryt ned feittsyrer i celleandinga - det blir danna hydrogenperoksid (H2O2). Finst både i dyre- og planteceller.
lysosom
Reinhaldsverket, rekna som del av ER. Organellar med mange enzym som kan bryte ned store organiske molekyl. Finst i alle dyreceller, protistar og i nokre planteceller.
Cellevegg
Vernande og oppstivande struktur utanpå cellemembranen. Hos planteceller, soppar, bakteriar og arkar - nokre protostar.
Vakuolar
Store, væskefylte rom i planteceller. Opprett held trykk og stivar opp planta.
Turgortrykk
Uttrykk for saftspenninga (i vakuolane) i planter.
Kloroplastar
Organellar i planteceller som inneheld klorofyllet.
Tylakoidane
Membransystem inne i kloroplastane, klorofyllet finst i desse membranane.
Kitin
Polysakkarid i celleveggen hos soppceller.