1/29
Name | Mastery | Learn | Test | Matching | Spaced |
---|
No study sessions yet.
Litosfæren
Det faste, yste skalet på ein "steinete planet". Ligg rundt heile jorda, og er delt opp i om lag 15 større eller mindre plater.
Avsetningsbergart
Også kalla sedimentære bergarter. Danna ved samankitting eller samanpakking av lausmassar (små bitar av andre bergarter) til faste bergartar eller ved direkte utfelling frå vatn.
Bergart
Samlenamn på dei faste matriala jordskorpa er bygd opp av. Samansett av mineral, mineralkorn eller bergartsfragment.
Dagbergart
Magmatiske (vulkanske) bergartar danna på/i jordoverflata. Rask størkning på overflata gir små krystallar i desse bergartane.
Djupbergart
Magma som størknar djupt under jordoverflata. Langsam størkning langt under overflata gjer at større krystallar vert danna.
Episenter
punktet på jordoverflata rett over fokus, - utgangspunktet der eit jordskjelv er utløyst.
Fjellkjedefalding
Prosessen der nye fjellområde/fjellkjede vert danna. Vanlegvis når jorda sine litosfæreplater (landplater) kolliderer.
Fokus
midtpunkt eller sentrum. Her: staden under overflata der eit jordskjelv vert utløyst (kallast også hyposenter).
Forkastning
Blokker/jordskorpestrukturar forskyv seg horisontalt og vertikalt i forhold til kvarandre. Blir danna i jordskorpa når ein ein del av jordskorpa beveger seg i forhold til ein annan langs ei brotsone eller forkastningssone.
Gangbergart
Intrusive, magmatiske bergarter som befinn seg i gangar i jordskorpa mellom djupbergartane og dagbergartar. Størkning i desse gangane gjer at krystallane vert noko større enn i dagbergartar.
Havbotnskorpe:
Del av litosfæreplate under havet, er tynnare enn kontinentskorpe.
Havbotnspreiing
Danning av marin jordskorpe ved vulkansk aktivitet langs jordplategrensene/rifter ute i havet. Dei nydanna massene glir etterkvart ut mot sidene og sekk noko.
Hot spot
Vulkansk område der magma strøymer ut på jordoverflaten langt frå plategrensene. Oftast aktivt over millionar av år. Gir oftast skjoldvulkanar.
Jordskjelv
Rystelsar eller vibrasjon på grunn av brå utløysing av oppsamla spenningar i berggrunnen t.d. forkasting. Seismiske bølgjer strøymer utover frå brotstaden. Episenteret er punktet på jordoverflata som ligg rett over fokus.
Jordskorpe
Ytre delen av jordoverflata og som saman med øvre del av mantel utgjer litosfæra.
Lava
Størkna/størknande masse på jordoverflata frå smelta stein (magma) i samband med vulkanisme.
Litosfæreplate
Del av det ytste, harde skalet på jordkloda, delt opp i oml. 15 større og mindre plater som kan bevege seg i forhold til kvarandre.
Magma
Smelta stein som under jordskorpa.
Mantel
ligg under jordskorpa. For det meste består av faste eller plastiske bergartar, men somme stadar er temperaturen så høg at det blir danna magma, smelta stein.
Midthavsrygg
Dei yngste delane av jordoverflata på havbotnen. Langs midten av ryggane er det ei sentral kløft eller riftdal, der det er vulkansk aktivitet og hyppige jordskjelv.
Mineral
Naturlege grunnstoff og kjemiske sambindingar, oftast faste og med fysiske og kjemiske eigenskapar.
Omdanna (metamorf) bergart
Bergart utsett for høgt trykk og høg temperatur slik at han smeltar og/eller blir omdanna til ein annen bergartstype med nydanna mineral og ny struktur, - med eller uten tilførsel av nytt materiale
Platedriftteorien
Teorien om at litosfera er delt opp i ulike plater som veks og krympar og beveger seg i forskjellige retningar.
Samansett vulkan / Stratovulkan
Vanlegaste vulkantype på jorda, rel. bratte sider
Skjoldvulkan
Vulkansk danna fjellformasjon med slake skråningar pga. lettflytande lava som renn og stivnar
Størkningsbergart
1 av 3 hovedgrupper av bergartar. Har størkna eller krystallisert frå magma på eller under jordoverflata. Kallast også magmatisk-, vulkansk - , eruptiv - og smeltebergart.
Søylestraum
Dei plassane på jorda på overflata der magmatisk lava strøymer opp
Tsunami
Stor bølge. Seismisk havbølge som oppstår i havet på grunn av eit undersjøisk jordskjelv, vulkanske eksplosjonar eller sjeldnare også skred på havbotnen
Vulkan:
Fjellformasjon det kjem lava ut fra
Kjernen (jordkjernen)
Det inste laget i jorda frå sentrum og ut til mantelen startar. Den ytre delen er ei flytande jarnsmelte med noko nikkel, silisium og svovel. Den indre delen er fast, hovudsakleg jern.