1/17
Looks like no tags are added yet.
Name | Mastery | Learn | Test | Matching | Spaced |
---|
No study sessions yet.
Monoteisme
Monoteisme handlar om å tru på berre ein Gud. Jødedommen er ein monoteistisk religion, dette betyr altså at jødar trur på kun éin Gud.
Toraen
Tora tyder "lære" og er den heilagaste religiøse tekstsamlinga i jødedommen.
Toraen omfattar dei fem mosebøkene og utgjer den første og heilagaste delen av den hebraiske bibelen, Tanakh. Dette vert kalla den skriftlege Toraen.
Toraen inneheld historiar, lover og reglar som ifølgje jødisk tru utgjer ei pakt mellom Gud og det jødiske folket. Desse lovene seier korleis ein skal praktisere jødedommen, å leve som jøde, samt mykje anna. Den munnlege Toraen inneheld desse lovene, samt tolkingar, forklaringar og forteljingar som vart vidareført gjennom munnleg formidling og som seinare vart nedteikna i Talmud.
Ifølgje tradisjonen fekk Moses Toraen frå Gud på Sinai-fjellet rundt 1200 f.Kr.
Tanakh
Tanakh er heile den jødiske bibelen og består av 3 delar:
Lova - dei fem mosebøkene
Profetane - historiske og profetiske bøker som fortel om isrealittane si historie og profetane sine bodskap
Skriftene - poetiske bøker
Tanakh tilsvarer altså det gamle testamentet i Kristendommen, og er derfor svært hellig og viktig.
Talmud
Etter at tempelet i Jerusalem vart øydelagd i år 70 e.Kr., vart jødane dreve på flukt. Utan tempel eller prestar, måtte dei lærde rabbinarane skrive ned alt som tidlegare vart bevart munnleg, og slik fekk ein talmud. Den blir kalla “eit transportabelt fedreland” fordi den er så viktig.
Talmud er den nedskrivne munnlege toraen, som inneheld lover og reglar om korleis ein skal praktisere jødedommen. Den tek opp mange spørsmål, som kva som er rett og galt, til tankar om meininger med livet. Den vart skreven ned i år 500 e.Kr.
Talmud består av 2 delar:
Mishna - lovene og reglane
Gemara - tolkningar, forklaringar og diskusjonar til lovene, + forteljingar og visdomsord rabbinarar meinte ikkje burde bli gløymd
Synagoge
Synagoge er jødane sin forsamlingsplass og deira heilage hus. Her samlar jødar seg til bønn, studier av dei heilage tekster og gudstjenester.
Synagoge tyder forsamling.
Sabbat
Sabbaten varer frå solnedgang fredag, til solnedgang laurdag. Det viktigaste for jødar under sabbaten er kvile, familie, vennar og Gud. Under sabbaten skal ein ikkje jobbe.
Den blir feira til minne om skapelsen, utvandringa frå slaveriet i Egypt, og pakta mellom jødane og Gud frå Sinai-fjellet.
Pesach
Jødisk påske (pesach) blir feira til minne om at jødane vandra ut frå slaveriet i Egypt. Den første kvelden i påskeveka samlar familiar seg til eit felles måltid, der dei minnest historia gjennom songar og forteljngar.
Pesach tyder å gå forbi, til minnes om då jødane fekk beskjed om å smurje inn dørstokken- og karmen med lammeblod. Dei som ikkje gjorde dette, ville Guds englar gå inn hos, og slå ihjel den førstefødte.
Antisemittisme
Antisemmitisme tydar jødehat, å ha fiendltege/negative haldningar ovanfor jødar. Det tydar også å ha fordommar mot jødar, altså å gjere jødar til ein slags syndebukk.
Minoritet
Ein minoritet er ei gruppe som er i mindretal i samfunnet, som til dømes jødar i Noreg. Det motsatte er ein majoritet, altså fleirtal i samfunnet slik som jødar i Israel.
Holocaust
Holocaust tyder brennoffer, og handlar om då ca. 6 millionar jødar vart utrydda/drepen under andre verdskrig, altså folkemordet på jødane.
26. november 1942 reiste skipet “Donau” frå Oslo til Auschwitz med 532 jødar, berre 9 av dei overlevde.
I Auchwitz vart jødar skotne, satt i gasskammer og torturert.
Kosher
Kosher er ein matregel som står i toraen. Den handlar om kva som er lov for jødar å spise og korleis mat skal tilberedast.
Eit eksempel er at mjølk og kjøt ikkje kan blandast. Nokre jødar meinar og at ein ikkje kan bruke same utsyr og bestikk til kjøt og mjølk, og derfor er det mange som har to eller fleire separate sett med blant anna bestikk.
Reformjødedom
På 1700-1800-talet fekk fleire land religionsfridom, og jødane fekk betre rettar. Derfor ville mange jødar tilpasse sin religion til kulturen i eiga land. Slik oppstod reformjødedommen. Spesielt for reformjødedom:
-Tanakh vart omsett til først tysk, seinare til andre språk
-Gudstenester vart holdne på morsmålet istadanfor hebraisk
-menn og kvinner kan sitte saman i synagogen
-kvinner kan være rabbinarar (lærde)
Ein tenkjer meir på etikk og moral, enn reglar og ritual. Idag er retninga utbreidd i USA og Europa.
Ortodoks jødedom
Ortodoks tydar rettruande. Ortodokse jødar prøver å halde lovene og reglane i toraen, og les den på hebraisk. Spesielt for ortodoks jødedom:
-kvinner og menn sitt kvar for seg i synagogen
-berre menn kan være rabbinarar
-familie og vennar samlast til sabbatsmåltid fredag kveld
-mange følgjer kosher-reglane
-gutar blir omskårne når dei er åtte dager gamle
Ultraortodoks jødedom
Dei ultraortodokse jødane følgjer lovene og reglane i toraen svært strengt, og meiner at ingenting av det som står skreve i toraen kan endrast. Spesielt for ultraortodoks jødedom:
-lev i eigne leveområder i for det meste Israel, USA eller London
-menn lev kun for å studere skriftene og deltar derfor ikkje i arbeidslivet, medan kvinner tek av seg familien
-ultraortodokse jødar går med tradisjonelle klede; menn og gutar går med hattar og lange krøller ned ved øyra
Moses
Moses var, ifølgje tradisjonen, profeten og leiaren som gjorde israelittane til eit folk, då han førte dei ut av fangenskapet i Egypt.
Det var Moses som tok imot lovene og levereglane frå Gud i form av Toraen på Sinai-fjellet ca. 1200 år f.Kr., som la eit viktig grunnlag for jødedommen. Han fortalde det han hadde høyrt vidare til folket.
Abraham
Abraham er ein stor profet for muslimane, og er rekna som stamfar til israelittane.
Han vart utvalgt av Gud i omkring 1800 f.Kr., då Gud sa at Abraham måtte reise til Israel, som Gud vil gi til ætta hans; “Dette landet vil eg gi til ætta di”.
Vidare seier Gud at Abraham vil få mange etterkommarar, og dei inngår ei pakt om at Gud alltid vil være deira Gud, og at ætta til Abraham skal bu i landet Gud gav dei. Teiknet på pakta blir at alle menn i ætta skal omskjærast.
Mosebøkene
Mosebøkene er dei fem første bøkene i Bibelen, og tilsvarer den jødiske Toraen. Mosebøkene er oppkalla etter Moses, og dei består av historiar, mytar og sagn som er blitt samla over lang tid, samt lover og reglar.
Innhaldet i Mosebøkene kan delast i tre:
Urhistoria - mytar om korleis universet oppstod, korleis menneskeheiten oppstod, korleis vondskapen kom inn i verda (t.d. Edens Hage, Skapelsen, Noahs Ark)
Fedrehistoria - historia om opphavet til israelittane og Abraham, Isak og Jakob
Historia om Moses - Moses som leiaren for israelittane, med utgangen frå Egypt, mottakinga av lova og ørkenvandringa
Kong Salomo
Kong Salomo, son av kong David, var den tredje kongen til israelittane, som regjerte under stordomstida til Israel, omkring år 1000 f.Kr. Han er kjend for sin enorme rikdom og visdom. Det var også han som bygde tempelet i Jerusalem.
Etter hans død vart riket delt i to: Israel og Judariket.