Kap. 7 Kopling & kromosomkartlegging i eukaryoter

0.0(0)
Studied by 0 people
call kaiCall Kai
Locked
learnLearn
examPractice Test
spaced repetitionSpaced Repetition
heart puzzleMatch
flashcardsFlashcards
GameKnowt Play
Card Sorting

1/30

encourage image

There's no tags or description

Looks like no tags are added yet.

Last updated 11:30 PM on 5/8/26
Name
Mastery
Learn
Test
Matching
Spaced
Call with Kai
Chat

No analytics yet

Send a link to your students to track their progress

31 Terms

1
New cards

Kva er genetisk kobling?

Når to gen ligg nær kvarandre på same kromosom og derfor oftare blir nedarva saman enn forventa ved uavhengig fordeling.

2
New cards

Kvifor bryt kobla gen Mendels prinsipp om uavhengig fordeling?

Fordi dei ikkje segregerer uavhengig – dei følgjer same kromosom og blir ikkje tilfeldig fordelt.

3
New cards

Kva er overkrysning?

Utveksling av DNA mellom homologe kromosom i profase I i meiosen som skaper rekombinante gametar.

4
New cards

Kva er rekombinante gametar?

Gametar som inneheld nye kombinasjonar av allel som ikkje var til stades saman i foreldra.

5
New cards

Kvifor oppstår rekombinante gametar?

Fordi overkrysning bryt opp koplinga mellom gen og skaper nye allelkombinasjonar.

6
New cards

Kva er rekombinasjonsfrekvens?

Prosentdelen av avkom som er rekombinante, brukt som mål på avstand mellom gen.

7
New cards

Korleis heng rekombinasjonsfrekvens saman med avstand?

Jo større avstand mellom gen, jo større sannsyn for overkrysning → høgare rekombinasjonsfrekvens.

8
New cards

Kva er maksimum rekombinasjonsfrekvens?

50 %, fordi ved større avstand blir gen oppført som om dei segregerer uavhengig.

9
New cards

Kvifor er maksimum 50 %?

Fordi overkrysning kan skje fleire gonger og gjenopprette parental kombinasjon, slik at rekombinantar aldri overstig 50 %.

10
New cards

Kva er dobbel overkrysning (DCO)?

To overkryssingar i same kromosomregion, gjer rekombinasjon mindre synleg og er sjeldnare enn enkel overkrysning.

11
New cards

Kvifor er dobbel overkrysning sjeldan?

Fordi to uavhengige overkryssingar må skje tett på kvarandre, noko som er mindre sannsynleg.

12
New cards

Kva er eit kromosomkart?

Kart som viser rekkefølgje og avstand mellom gen basert på rekombinasjonsfrekvensar.

13
New cards

Korleis lagar ein kromosomkart?

Bruk rekombinasjonsfrekvensar (i centiMorgan) mellom genpar og plasser gena i rekkefølgje som gir best samsvar.

14
New cards

Kva er ein testkrysning i koblingsanalyse?

Krysning mellom heterozygot for alle gen og ein homozygot recessiv for alle gen for å avsløre gamettypane.

15
New cards

Kvifor bruker ein testkrysning?

Fordi avkommet direkte viser gametane frå heterozygoten.

16
New cards

Korleis finn ein rekkefølgja av tre kobla gen?

Identifiser parentaltypar, enkel overkrysningstypar og dobbel overkrysningstypar, DCO avslører midterste gen.

17
New cards

Kva er parentaltypar?

Fenotype/genotype som samsvarar med foreldra sine kombinasjonar, dei mest vanlege i avkom.

18
New cards

Kva er DCO-typar?

Dei sjeldnaste avkomstypane, viser kva gen som ligg i midten.

19
New cards

Kva er interferens?

Når ein overkrysning påverkar sannsynet for at ein ny overkrysning skjer i nærleiken.

20
New cards

Korleis reknar ein interferens?

Interferens = 1 – (observed DCO / expected DCO).

21
New cards

Kva betyr positiv interferens?

At ein overkrysning reduserer sannsynet for ein ny i nærleiken (vanleg i eukaryotar).

22
New cards

Kva betyr negativ interferens?

At ein overkrysning aukar sannsynet for ein ny (sjeldnare).

23
New cards

Kva må vere på plass for å måle rekombinasjonsratar?

Tydelige fenotypar, mange nok avkom, heterozygot forelder, og testkrysning med homozygot recessiv ().

24
New cards

Kvifor gir kobla gen avvikande fenotypeforhold?

Fordi parental kombinasjon dominerer og rekombinantar er færre enn forventa ved uavhengig fordeling.

25
New cards

Korleis bruker ein rekombinasjonsfrekvens til å berekne avstand?

1 % rekombinasjon = 1 cM (centiMorgan) ≈ 1 map unit.

26
New cards

Kvifor er kartavstand berre eit estimat?

Fordi fleire overkryssingar kan skjule kvarandre og redusere observert rekombinasjon.

27
New cards

Kvifor er rekombinasjon meir sannsynleg ved større avstand?

Fordi det er større fysisk område der overkrysning kan skje.

28
New cards

Korleis identifiserer ein DCO i data?

Finn dei to sjeldnaste avkomstypane, dei representerer dobbel overkrysning.

29
New cards

Korleis finn ein midterste gen?

Samanlikn parental og DCO-typar

30
New cards

Kva er formålet med koblingskartlegging?

Å bestemme rekkefølgje og avstand mellom gen for å forstå arv, sjukdomslokus og genomstruktur.

31
New cards