1/57
Looks like no tags are added yet.
Operating System (OS)
Programvare som administrerer maskinvareressursar og tilbyr tenester til program, til dømes minnehandtering, prosesshandtering, filsystem og I/O.
General-purpose OS vs Embedded OS
General-purpose OS - utvikla for mange forskjellige program og brukaroppgåver. Har vanlegvis omfattande funksjonalitet og større ressursbruk.
Embedded OS - tilpassa bestemte oppgåver og maskinvare. Har ofte lågare ressursbruk, meir føreseieleg oppførsel og støtte for tidskritiske oppgåver.
Kjenneteikn på eit godt Embedded OS
Customizable – Kan tilpassast funksjonane systemet treng.
Resource-efficient – Bruker lite minne og prosessorkraft.
Predictable – Har føreseieleg responstid.
Energy-efficient – Kan redusere energiforbruk gjennom effektiv ressursstyring.
Bare-metal Programming
Programmering der programmet køyrer direkte på maskinvara utan eit operativsystem. Programmet har direkte kontroll over prosessor, minne og I/O-enheter.
Bare-metal vs RTOS
Bare-metal – Ingen OS-scheduler. Programmet styrer sjølv kva som skal utførast og når.
RTOS – Har ein scheduler som administrerer tasks og prioriterer utføringa etter tidskrav.
Runtime Environment (RTE)
Programvarestøtte som gjer det mogleg å køyre eit program, til dømes handtering av stack, heap, minneallokering og andre funksjonar som programmeringsspråket treng under utføring.
Process VS Thread
Process – eit program under utføring, med eigne ressursar og normalt sitt eige virtuelle adresseområde.
Thread – ei rekke instruksjonar som CPU-en skal utføre innanfor éin process.
dei tre sentrale Process States
Ready - klar til å køyre men venta på CPU-tid
Running - blir utført av CPU-en
Blocked - kan ikkje køyre før ein bestemt hending skjer
Ready Queue
ein samling av processes eller threads som er klare til å køyre, men ventar på å få CPU-tid. Scheduleren vel neste task frå dei som er klare.
OS-scheduler
ein del av operativsystemet (OS) som bestemmer kva oppgåve (process eller thread) som skal få bruke CPU-en, og når.
thread
ein rekke instruksjonar som CPU-en skal utføre innanfor éin process.
Kernel
den sentrale delen av operativsystemet som administrerer systemressursar. Han handterer mellom anna scheduling, minne, interrupts og tilgang til maskinvare.
Scheduling
Prosessen der OS bestemmer kva tasks som skal utførast, og i kva rekkefølgje.
Scheduling Algorithm
ein algoritme som bestemmer rekkefølga tasks får CPU-tid i. Ulike algoritmar kan prioritere rettferdig fordeling, høg performance eller tidsfristar.
Process Priority
ein verdi som fortel kor viktig ein process eller thread er samanlikna med andre. Ein scheduler kan bruke prioritetane for å bestemme kva task som får CPU-tid først.
Time Quantum
Eit tidsintervall som ein task får til å bruke CPU-en før scheduleren kan velje å gi CPU-tid til ein annan task.
Ein timer kan avbryte den køyrande tasken slik at kernelen får kontroll over CPU-en.
Round Robin Scheduling
ein scheduling-algoritme der tasks får CPU-tid etter tur, vanlegvis med eit fast time quantum. Dersom ein task ikkje er ferdig innan tidsintervallet, kan han bli flytta bak i køen.
Context Switching
Når CPU-en bytter frå å utføre éin task til ein annan. Operativsystemet lagrar tilstanden til den første tasken og gjenopprettar tilstanden til den neste.
Tilstanden, kalla context, omfattar mellom anna CPU-register, program counter og stack pointer.
Kvifor har Context Switching ein kostnad?
Fordi CPU-en må bruke tid på å lagre og gjenopprette tilstand i staden for å utføre nyttig arbeid. Hyppige context switches kan derfor redusere performance.
Preemptive Scheduling
At operativsystemet kan avbryte ein task som køyrer, for å gi CPU-en til ein annan task, til dømes ein med høgare prioritet.
Real-Time Operating Systems (RTOS)
eit operativsystem som er utvikla for å utføre tidskritiske oppgåver innan bestemte tidsfristar, kalla deadlines.
Real-Time Requirement
Eit krav om at ei oppgåve må vere ferdig innan ein bestemt tidsfrist. I slike system er både resultatet og tidspunktet det blir produsert på, viktige.
Hard Real-Time VS Soft Real-Time
Hard Real-Time - å bryte ein deadline kan føre til alvorlege eller katastrofale konsekvennsar. T.d. i fly, eller bilsystem.
Soft Real-Time - ein deadline bør følges, men sporadiske brot kan tolerast.T.d. videoavspeleing
Worst-Case Execution Time (WCET)
Den lengste tida ei oppgåve kan bruke på å bli utført, under dei føresetnadene som blir analyserte.
Kva blir WCET brukt til i real-time scheduling?
Det blir brukt til å undersøke om alle tasks kan bli ferdige innan tidsfristane sine.
Periodic Task
ein oppgåve som blir utført regelmessig med eit bestemt tidsintervall, kalla period.
Rate-Monotonic Scheduling (RMS)
ein real-time scheduling-algoritme der periodiske tasks får faste prioritetar basert på perioden sin.
Kortare period gir høgare prioritet. Algoritmen er vanlegvis preemptive, slik at ein task med høgare prioritet kan avbryte ein annan.
Earliest Deadline First (EDF)
Ein real-time scheduling-algoritme der tasken med nærast deadline får høgast prioritet.
RMS VS EDF
RMS: periodise task får faste prioteringar basert på perioden sin
EDF: tasken med nærmast deadline får høgast prioritet.
Korleis blir CPU Utilization brukt i real-time scheduling?
CPU utilization fortel kor stor del av prosessortida som trengst for å utføre alle dei periodiske oppgåvene.
Real-Time Guarantee
At systemet kan garantere at bestemte tidsfristar blir overhaldne under definerte føresetnader, også når oppgåvene bruker opptil WCET.
Priority Inversion
Når ein task med høg prioritet må vente på ein ressurs som er låst av ein task med låg prioritet. Dette kan føre til at høgprioritetsoppgåva blir forseinka og potensielt ikkje rekk deadline.
Korleis kan Priority Inheritance løyse Priority Inversion?
Ein task med låg prioritet får mellombels høgare prioritet dersom han held ein ressurs som ein høgprioritetstask ventar på.
Energy-Efficient Scheduling
Scheduling som prøver å redusere energiforbruket samtidig som oppgåvene blir utførte innan tidsfristane sine. T.d. redusere CPU-frekvensen, utnytte sleep modes eller fordele arbeidet mellom ulike kjerner.
Dynamic Voltage and Frequency Scaling (DVFS)
Ein teknikk der CPU-en justerer spenning og klokkefrekvens etter arbeidsmengda.
Race to Idle
Ein strategi der CPU-en utfører oppgåvene raskt og deretter går over i ein strømsparingsmodus.
Strategien kan spare energi dersom gevinsten frå å vere lenge i idle/sleep er større enn kostnaden ved høg effekt under utføringa.
CPU Governor
ein mekanisme i operativsystemet som styrer CPU-en sin klokkefrekvens og tilhøyrande spenning for å balansere performance og power consumption.
Kvifor er Reliability og Safety viktige i Embedded Systems?
Embedded systems kan kontrollere fysiske prosessar der programvarefeil kan få alvorlege konsekvensar.
Reliability – Systemet skal fungere korrekt og stabilt over tid.
Safety – Systemet skal ikkje utgjere ein uakseptabel risiko for menneske eller omgivnadene.
Ulike typar CPU Governors
Performance
Powersave
Ondemand
Schedutil
CPU Governos - performance
Held CPU-en på maksimal frekvens for høg performance.
CPU Governos - Powersave
Held CPU-en på minimal frekvens for å spare energi.
CPU Governos - Ondemand
Justerer CPU-frekvensen dynamisk basert på arbeidsmengda.
Schedutil
Samarbeider med OS-scheduleren for å justere frekvensen basert på CPU-belastninga.
Real-time
det betyr at ei oppgåve må utførast innan ein bestemt tidsfrist (deadline).
deterministic behavior
det betyr at systemet oppfører seg forutsigbart, slik at ein kan vite eller avgrense kor lang tid operasjonar kan ta.
fordelar med RTOS
predictable timing
real-time scheduling
priotering av time-critical tasks
god kontroll over ressursbruk
ulempar med RTOS
kan kreve meir kompleks programmering og planlegging
gir ofte mindre funksjonalitet enn eit general-purpose OS.
Når er RTOS nyttig?
det er nyttig i system der korrekt timing er kritisk, t.d. industrirobotar, automotive system osv.
task
ei oppgåve som skal utførast av systemet. I scheduling kan ein task vere ein process eller ein thread.
ulempene med preemptive scheduling
context switching gir overhead
delte ressursar kan kreve synchronization
Kvifor er priority inversion eit problem?
det er eit problem fordi high-priority tasks kan bli forseinka og risikere å ikkje møte deadlines.
critical section
Ein del av programmet som bruker delte ressursar og derfor må beskyttast mot samtidige konfliktar.
microkernel
Ein OS architecture der berre grunnleggande funksjonar ligg i kernel, medan andre tenester kan køyre utanfor kernel.
Kvifor blir microkernel brukt i RTOS?
Ein liten kernel kan gjere systemet meir oversiktleg og hjelpe med isolation og predictable behavior.
Korleis kan eit RTOS redusere energy consumption?
Ved hjelp av sleep modes, energy-aware scheduling og power management, slik at CPU-en kan redusere aktiviteten når det er mogleg.
Kva er problemet med overhead?
Parallelism krev ekstra arbeid for å administrere og koordinere tasks og threads.
Dette bruker CPU time, memory og energy utan å bidra direkte til sjølve berekningane.
Dersom overhead blir for stor, kan parallelism faktisk gi dårlegare performance.