1/64
Looks like no tags are added yet.
Input/Output (I/O)
Kommunikasjon mellom datamaskina og omgivelsene, der systemet anten mottar data (input) eller sender ut data (output).
I/O Devices
Enheter som sender data til eller mottar data frå datamaskina, til dømes tastatur, skjerm, sensorar og skrivarar.
I/O Controller
Ein maskinvarekomponent som styrer kommunikasjonen mellom CPU-en og ei I/O-enhet.
I/O-register
Eit lite lagringsområde i maskinvara som CPU-en kan lese frå eller skrive til for å kommunisere med ei I/O-enhet.
Data Register
Eit I/O-register som inneheld data som skal sendast til eller mottakast frå ei enhet.
Status Register
Eit I/O-register som viser tilstanden til ei enhet, til dømes om ho er klar til å sende eller motta data.
Control Register
Eit I/O-register som CPU-en kan skrive til for å styre funksjonane til ei enhet.
Memory-Mapped I/O
Ein metode der I/O-register får adresser i minneadresseområdet, slik at CPU-en kan bruke vanlege load/store-instruksjonar for å kommunisere med maskinvara.
fordelen med Memory-Mapped I/O
CPU-en kan bruke dei same instruksjonane for å lese og skrive til både minne og I/O-register.
Bus
ein kommunikasjonsforbindelse som overfører data og signal mellom komponentar, til dømes CPU, minne og I/O-enheter.
Address Bus
Ein del av bussen som overfører adressa til minnet eller enheten CPU-en skal kommunisere med.
Data Bus
ein del av bussen som overfører sjølve dataene mellom komponentane
Control Bus
ein del av bussen som overfører styresignal, t.d. om ein operasjon er lesing eller skriving
Kva er Handshaking i Hardware Communication?
Ein metode de to enheter utvekslar kontrollsignal for å koordinere når data kan overførast
Kvifor brukar me Handshaking?
For å sikre at enhetene er klare, og at data blir overførte på riktig tidspunkt
Synchronous VS Asynchronous Bus Communication
Synchronous – Kommunikasjonen blir koordinert med eit felles klokkesignal.
Asynchronous – Kommunikasjonen blir koordinert utan eit felles klokkesignal, til dømes med handshaking.
Polling
Ein metode der CPU-en regelmessig sjekkar statusen til ei I/O-enhet for å finne ut om noko har skjedd.
Busy-Waiting
Når CPU-en kontinuerleg sjekkar ein betingelse utan å utføre anna nyttig arbeid eller gå i sleep mode.
Polling VS Busy-Waiting
Polling – ein metode der CPU-en sjekkar statusen til ei enhet for å finne ut om ho er klar eller om noko har skjedd. CPU-en kan utføre andre oppgåver mellom sjekkane.
Busy-Waiting – når CPU-en blir ståande i ei løkke og sjekkar den same betingelsen kontinuerleg, utan å utføre anna nyttig arbeid. Kan brukast saman med polling.
Korleis fungerer polling utan Busy-Waiting?
CPU-en sjekkar om sensoren har nye data.
Dersom ikkje, utfører CPU-en andre oppgåver.
CPU-en sjekkar sensoren igjen seinare.
Korleis fungerer polling med Busy-Waiting?
CPU-en sjekkar om sensoren har nye data.
Dersom ikkje, sjekkar CPU-en igjen med ein gong.
Dette blir gjentatt heilt til data er klare.
Fordelar med polling utan Busy-Waiting
CPU-en kan utføre andre oppgåvar mellom sjekkane
Mindre CPU-belastning og potensielt lågare energiforbruk
Enkelt å kontrollere kor ofte enheten skal sjekkast
Ulemper med polling utan Busy-Wating
Det kan ta tid før CPU-en oppdagar ei hending.
Hyppige sjekkar kan framleis bruke unødvendige ressursar.
Fordelar ved Polling med Busy-Waiting
CPU-en kan oppdage ei hending svært raskt.
Enkel å implementere.
Nyttig når ventetida er svært kort.
Ulempar med polling med Busy-Waiting
CPU-en bruker tid på å sjekke kontinuerleg.
Høg CPU-belastning og potensielt høgt energiforbruk.
CPU-en får ikkje utført andre oppgåver medan han ventar.
Interrupt
Eit signal som gjer at CPU-en midlertidig avbryt det han utfører, for å handtere ei hending.
Kvifor bruker vi Interrupts?
For at CPU-en skal kunne utføre andre oppgåver eller sove fram til ei hending krev behandling.
Interrupt Service Routine (ISR)
Ein funksjon som blir utført for å handtere eit interrupt, før CPU-en går tilbake til det han heldt på med.
Kva skjer når CPU-en mottar eit Interrupt?
CPU-en lagrar nødvendig programtilstand, utfører interrupt-handleren og fortset der programmet blei avbrote.
Polling VS Interrupts
Polling – CPU-en sjekkar sjølv om ei hending har skjedd.
Interrupts – Maskinvara varslar CPU-en når ei hending skjer.
Interrupt Priority
Ein mekanisme som bestemmer kva interrupts som skal behandlast først dersom fleire hendingar oppstår.
Direct Memory Access (DMA)
Ein metode som lar data bli overførte direkte mellom minnet og I/O-enheter, utan at CPU-en må flytte dataene sjølv.
DMA-controller
ein maskinvarekomponent som styrer og utfører dataoverføringar mellom minnet og I/O-enheter, utan at CPU-en må flytte kvart enkelt dataelement.
Kva gjer CPU-en ved bruk av DMA?
CPU-en konfigurerer dataoverføringa, medan DMA-controlleren utfører sjølve overføringa.
fordelen med DMA
CPU-en blir mindre belasta med dataoverføring og kan bruke tida på andre oppgåver.
Korleis får CPU-en vite at ei DMA-overføring er ferdig?
DMA-controlleren kan sende eit interrupt når dataoverføringa er fullført.
Serial Communication
Ein metode for dataoverføring der bit blir sende etter kvarandre over ei kommunikasjonsforbindelse.
UART (Universal Asynchronous Receiver/Transmitter)
Ein maskinvarekomponent som sender og mottar data gjennom asynkron seriell kommunikasjon.
Kva betyr Asynchronous i UART?
At sendaren og mottakaren ikkje bruker eit felles klokkesignal, men må vere einige om mellom anna overføringshastigheita.
Kva blir UART brukt til?
Til seriell kommunikasjon mellom enheter, til dømes mellom ein mikrokontrollar og ein PC.
GPIO (General-Purpose Input/Output)
Programmerbare tilkoplingspinnar på ei enhet som kan brukast til å lese eller sende digitale signal.
Kva kan GPIO brukast til?
Til dømes å lese om ein knapp er trykt inn, eller å slå ein LED av og på.
Device Driver
Programvare som lar operativsystemet kommunisere med og styre ei bestemt maskinvareenhet.
Kvifor bruker vi Device Drivers?
For at program skal kunne bruke maskinvare utan å måtte kjenne alle detaljane om korleis ho fungerer.
Kva er ei Device File i Linux?
Ei spesialfil som gir program tilgang til ei maskinvareenhet eller ein enhetsdriver, vanlegvis gjennom /dev.
System Call
Ein mekanisme der eit program ber operativsystemet om å utføre ei oppgåve som krev tilgang til systemressursar.
Gi døme på på System Calls i Linux
open() – Opnar ei fil eller ei enhet.
read() – Leser data.
write() – Skriv data.
Korleis kan eit C-program kommunisere med maskinvare gjennom Linux?
Programmet kan bruke system calls til å kommunisere med device files som blir handterte av device drivers.
Raspberry Pi 4
Ein liten datamaskin på eitt kretskort som kan køyre Linux og kommunisere med ekstern maskinvare.
Sense HAT
Eit tilleggskort til Raspberry Pi med sensorar, ein joystick og ei 8 × 8 LED-matrise.
Kva blir Sense HAT brukt til?
Til å samle inn sensordata, registrere input frå joysticken og vise informasjon på LED-matrisa.
I²C (Inter-Integrated Circuit)
Ein kommunikasjonsprotokoll som lar fleire elektroniske komponentar kommunisere over ein felles bus med to signallinjer.
Kva blir I²C brukt til?
det er ein protokoll som blir brukt til kommunikasjon mellom komponentar, til dømes ein mikrokontrollar og temperatur- eller trykksensorar.
Kva er dei to signallinjene i I²C?
SDA (Serial Data) – Overfører data.
SCL (Serial Clock) – Overfører klokkesignalet.
Korleis kan fleire enheter kommunisere på same I²C-bus?
Kvar enhet har ei adresse som blir brukt til å velje kven kommunikasjonen skal gå til.
Sensorregister
Eit register i ein sensor som inneheld måleverdiar eller informasjon som blir brukt til å konfigurere sensoren.
Korleis kan CPU-en lese data frå ein sensor via I²C?
Programmet vel sensoren og registeret det vil lese, før det mottar registerverdien gjennom I²C-kommunikasjon.
Lvifor må vi nokre gongar lese fleire sensorregister?
Fordi éin måleverdi kan vere større enn det eitt register har plass til, til dømes ein 16-bit verdi fordelt på to 8-bit register.
Framebuffer
Eit minneområde som inneheld informasjon om kva som skal visast på ein skjerm eller ei LED-matrise.
LED-matrise
Eit rutenett av LED-lys som kan styrast individuelt for å vise fargar, symbol eller enkle bilete.
Korleis fungerer LED-matrisa på Sense HAT?
Ho består av 8 × 8 LED-lys, der programmet kan bestemme fargen til kvar enkelt LED.
Korleis kan ein styre LED-matrisa gjennom ein Framebuffer?
Ved å skrive fargeverdiar til framebuffer-minnet, som representerer LED-lysa i matrisa.
Kva er mmap() i Linux?
Ein mekanisme som lar eit program knyte ei fil eller eit enhetsområde til sitt eige minneadresseområde.
Kvifor blir mmap() brukt i Sense HAT-labben?
For at C-programmet skal kunne skrive direkte til framebuffer-minnet som representerer LED-matrisa.
ulempene med DMA (Direct Memory Access)
Meir kompleks maskinvare – Krev ein DMA-controller og ekstra styring av dataoverføringar.
Konkurranse om minne og bus – DMA-controlleren og CPU-en kan bruke dei same ressursane, noko som kan redusere ytelsen.
Oppstartskostnad (overhead) – CPU-en må konfigurere DMA-overføringa, så DMA er ikkje alltid effektivt for små datamengder.
Minnekonsistens – CPU-en og DMA-controlleren må ha tilgang til oppdaterte data, noko som kan krevje synkronisering.