1/18
kap 7, 9 og 10
Polis
Ein sjølvstendig gresk bystat med eige styresett og eigne lover.
Aristokrati
Styre av ein rik jordeigarklasse, der aristokratane hadde mykje makt og eigde mykje jord.
Demokrati
Styreform der folket er med på å bestemme.
Direkte demokrati
Innbyggarane bestemmer sjølve over politiske saker og stemmer direkte over dei.
Representativt demokrati
Folket vel nokre representantar som tek politiske avgjerder på vegne av dei.
Loddtrekning
Eit system i Athen der verv blei fordelte tilfeldig, slik at dei same mektige personane ikkje alltid fekk makt.
Ostrakisme
Ein mekanisme i Athen der ein person som blei sett på som ein trussel, kunne bli utvist frå byen.
Storheitstida til det athenske demokratiet
400-talet f.Kr., da Athen var på sitt sterkaste under Perikles.
Kven hadde ikkje borgarrett i Athen?
Kvinner, slavar og innflyttarar fekk ikkje vere borgarar, fordi berre frie menn som var født i Athen hadde borgarrett.
Republikk
Ein stat eller styreform der makta til statsoverhovudet ikkje går i arv. Ordet kjem frå latin "respublica", folkets saker.
Senatet i Roma
Eit råd i Roma som i hovudsak var sett saman av tidlegare embetsmenn og rike, mektige menn. Dei blei ikkje valde av folket og satt livet ut.
Plebeiar
Ein person frå vanlege folk, som handelsfolk, bønder, arbeidarar og handverkarar, og som ikkje tilhøyrde overklassen.
Splitt-og-hersk-strategien
Romarane sette ulike provinsar opp mot kvarandre og gav dei ulike rettar, slik at dei fekk vanskelegare for å samarbeide og romarane lettare kunne kontrollere dei.
Slaveøkonomi
Ein økonomi der ein stor del av arbeidet, på gardar, i gruver og i heimar, blei utført av slavar utan løn.
Oligarki
Eit fåmannsvelde der dei rikaste borgarane styrer.
Leigesoldatar
Soldatar som blir leigde inn mot betaling og som ikkje alltid var lojale mot Romarriket, men kunne vere lojale mot sine eigne leiarar.
Julius Cæsar
Romersk feltherre som erobra Gallia, blei svært rik og tok makta som enehersker i 49 f.Kr.
Konstantin
Romersk keisar som valde å støtte kristendommen, fordi han såg at den blei stadig meir populær og kunne skape samhald i riket.
Robert A. Dahl sine krav til demokrati
Fem krav til demokrati: stemme- og ytringsfridom for alle, mangfald av informasjonskjelder, fri konkurranse om stemmene, frie og rettferdige val og folkevald innverknad.