1/53
Looks like no tags are added yet.
Toolchain
Ei samling utviklingsverktøy som blir brukte til å oversette kildekode til eit køyrbart program.
Compiler VS Linker
Compiler oversetter kildekode til lågnivåkode, som vidare kan bli maskinkode i ei objektfil.
Linker kombinerer objektfiler og bibliotek til eit køyrbart program.
GCC (GNU Compiler Collection)
ei samling compilers som støttar fleire programmeringsspråk, mellom anna C og C++.
Clang
Ein compiler for mellom anna C og C++ som bruker LLVM-infrastrukturen.
Compiler Flags
Innstillingar som blir sende til compileren for å kontrollere korleis programmet skal kompilerast.
Compiler Warnings
Åtvaringar frå compileren om moglege feil eller problem i koden.
Warning VS Error
Warning – Programmet kan vanlegvis framleis kompilerast.
Error – Hindrar kompileringa i å fullførast.
Kva gjer -Wall?
Aktiverer mange vanlege compiler warnings, men ikkje alle.
Kva gjer -Wextra?
Aktiverer fleire warnings enn -Wall aleine.
Kva gjer -Werror?
Behandlar compiler warnings som errors, slik at kompileringa feilar.
Kva gjer -Wpedantic?
Gir warnings for visse språk-utvidingar som ikkje følger C-standarden.
Kva gjer -g?
Legg til debugging-informasjon som gjer det enklare å undersøke programmet med ein debugger.
Kva gjer -O2?
Aktiverer compiler-optimaliseringar for å forbetre ytelsen til programmet.
Debugging
Prosessen med å finne, undersøke og rette feil i eit program.
Debugger
Eit verktøy som lar oss undersøke kva som skjer medan programmet blir utført.
Breakpoint
Eit punkt i koden der ein debugger stoppar programmet midlertidig.
Kvifor bruker vi Breakpoints?
For å undersøke variablar og programtilstand på bestemte tidspunkt.
Kva betyr Stepping ved Debugging?
Å utføre programmet éi kodelinje eller instruksjon om gongen for å undersøke kva som skjer.
GNU Debugger (GDB)
eit verktøy som blir brukt til å feilsøke program, blant anna i C.
Static Analysis
Analyse av kode utan å køyre programmet, for å finne potensielle feil.
Runtime Analysis
Analyse av programmet medan det blir utført, for å oppdage feil eller undersøke oppførselen.
Runtime Sanitizer
Eit verktøy som kontrollerer programmet medan det køyrer, for å oppdage bestemte typar feil.
AddressSanitizer (ASan)
Eit verktøy som oppdagar feil ved minnetilgangar, til dømes lesing utanfor eit array.
Out-of-Bounds Access
Når programmet prøver å lese eller skrive utanfor eit gyldig minneområde, til dømes utanfor eit array.
Use-After-Free
Når programmet prøver å bruke minne som allereie er frigjort.
Undefined Behavior
Når programmet utfører ein operasjon der C-standarden ikkje definerer kva som skal skje.
UndefinedBehaviorSanitizer (UBSan)
Eit verktøy som oppdagar fleire typar Undefined Behavior medan programmet køyrer.
Memory Leak
Når dynamisk allokert minne ikkje blir frigjort etter at programmet er ferdig med å bruke det.
LeakSanitizer (LSan)
Eit verktøy som oppdagar Memory Leaks.
ASan VS UBSan VS LSan
ASan – Finn feil ved minnetilgangar.
UBSan – Finn fleire typar Undefined Behavior.
LSan – Finn Memory Leaks.
Software Testing
Å kontrollere at eit program fungerer som forventa, og prøve å finne feil.
Unit Testing
Testing av små delar av programmet, til dømes ein enkelt funksjon.
Test Case
Eit bestemt testtilfelle med input og eit forventa resultat.
Kva er assert() i C?
Ein mekanisme som kontrollerer at ein betingelse er sann, og normalt avsluttar programmet dersom han er usann.
Automated Testing
Testing som blir utført automatisk, utan at utviklaren må gjennomføre kvar test manuelt.
Code Coverage
Eit mål på kor stor del av programkoden som blir utført under testing.
Statement Coverage
Kor stor del av dei køyrbare kodesetningane som blir utførte av testane.
Branch Coverage
Kor stor del av dei moglege greinene i programmet som blir testa, til dømes både sann og usann grein i ei if-setning.
Betyr 100 % Code Coverage at programmet er feilfritt?
Nei. Det betyr at testane har utført den målte koden, men ikkje nødvendigvis oppdaga alle feil.
Fuzzing
Ein automatisert testmetode der programmet får mange ulike input for å prøve å avdekke feil.
Profiling
Å måle korleis eit program bruker ressursar medan det køyrer.
Profiler
Eit verktøy som samlar informasjon om ressursbruken til eit program, til dømes kjøretid og minnebruk.
Performance Analysis
Å undersøke ytelsen til eit program for å finne kva som gjer det tregt eller ineffektivt.
Performance Bottleneck
Ein del av programmet som avgrensar den totale ytelsen.
Valgrind
Ein samling analyseverktøy som mellom anna kan finne minnefeil og undersøke programytelse.
Linux Perf
Eit verktøy for å samle inn og analysere informasjon om ytelsen til program på Linux.
Kvifor kan testing vere utfordrande i Embedded Systems?
Fordi systema ofte har avgrensa ressursar og er avhengige av spesifikk maskinvare.
Simulation ved Testing
Å teste programmet i eit simulert miljø, utan å vere avhengig av all den fysiske maskinvara.
Hardware Testing
Å teste programmet på den faktiske maskinvara det skal køyre på.
Hardware-in-the-Loop (HIL)
Ein testmetode der ekte maskinvare blir testa saman med simulerte omgivnader.
Make
Eit verktøy som automatiserer bygging av program ved å utføre nødvendige kommandoar.
Makefile
Ei fil som inneheld reglar for korleis eit program skal byggast.
Make VS Makefile
Make – Verktøyet som utfører byggeprosessen.
Makefile – Fila som fortel Make kva det skal gjere.