DAG 11 Lysark - andre selskapsformer

Kontrollspørsmål

  • Må alle AS/ASA ha eit styre?

  • Må alle AS/ASA ha dagleg leiar?

  • Må alle AS/ASA ha revisor?

  • Kva er hovudregelen om røysterett (stemmerett) i AS/ASA?

  • Finst det nokre avgjerder i generalforsamlinga som må vera samrøystes (enstemmig)?

  • Må det haldast generalforsamling i AS/ASA regelmessig, eller er dette noko ein berre må gjere ved behov?

  • Kva meines med "kapitalauke" ("kapitalforhøyelse"), og korleis kan dette gjerast?

Selskap som rettssubjekt

  • Noko/nokon som kan få rettar og pådra seg plikter etter rettsreglane.

  • «fysiske personar» og «juridiske personar»

  • Avtalepartar og eigarar, (partsstilling overfor domstol og forvalting).

Vanlege selskapsformer - oversikt

  • Aksjeselskap (AS) – Aksjelova(1997)

  • Allmennaksjeselskap (ASA) – Allmennaksjelova (1997)

  • Ansvarleg selskap og selskap med delt ansvar (ANS/DA) – Selskapslova (1985)

  • Samvirkeføretak (SA) – Samvirkelova (2007)

  • Burettslag – Burettslagslova (2003)

  • Einskildpersonføretak (ENK) – Ingen lov – nokre føresegner (bestemmelser) i selskapslova gjeld – ikkje rettssubjekt

Selskapsformer – avgrensa og uavgrensa ansvar

Avgrensa ansvar

  • Aksjeselskap (AS)

  • Allmennaksjeselskap (ASA)

  • Samvirkeføretak (SA) – Samvirkelova (2007)

Uavgrensa ansvar:

  • Ansvarleg selskap og selskap med delt ansvar (ANS/DA) – Selskapslova (1985)

  • Einskildpersonføretak (ENK)

Selskapsrett - gjennomgåande tema

  • Korleis vert eit selskap stifta/opprett og avvikla?

  • Kva organ har selskapet og kven representerer selskapet utetter?

    • Oppgåver?

    • Representasjon?

      • Generalforsamling

      • Styre

      • Bedriftsforsamling

      • Dagleg leiar

      • Revisor

ANS og DA

  • Selskapslova 1985, kapittel 1 og 2

Emnet

  • Kva er eit ANS/DA

  • Stifting av ANS/DA

  • Selskapsorgan i ANS/DA

  • Representasjon utetter

  • Kapitalforhold i ANS/DA

  • Overdraging av eigedelar

  • Oppløysing og avvikling

ANS/DA - § 1-1. Lovens alminnelige virkeområde

  • Loven gjelder når en økonomisk virksomhet utøves for to eller flere deltakeres felles regning og risiko, og minst en av deltakerne har et ubegrenset, personlig ansvar for virksomhetens samlete forpliktelser.

  • Loven gjelder også hvor to eller flere deltakere har et ubegrenset ansvar for deler av forpliktelsene når disse deler til sammen utgjør virksomhetens samlete forpliktelser.

  • Deltakar/eigar

  • Selskap

  • Kreditor

  • Krav

ANS/DA - § 2-1. Partstilling

  • Ansvarlig selskap og kommandittselskap kan ha rettigheter, forpliktelser og partstilling overfor domstol og andre myndigheter.

ANS/DA

  • Må føreligge økonomisk verksemd drive i fellesskap – avgrensing mot sameige regulert av sameigelova.

  • Minst to deltakarar («selskapsdeltakere»)

    • Eigarane av «selskapsandelene»

    • Fysiske og juridiske personar jf. sel. § 2-2 (1)

    • Skal nemnast i selskapsavtalen jf. sel. § 2-3 (2) b)

  • Minst ein av deltakarane har eit uavgrensa, personleg ansvar for selskapet sine samla plikter.

ANS og DA

  • ANS

    • Det personlege ansvaret for selskapet sine plikter er solidarisk.

    • «ein for alle – alle for ein»

    • Kreditor kan halde ein av deltakarane ansvarleg for heile gjelda.

    • Selskapslova § 2-4 (1)

  • DA

    • Det personlege ansvaret for selskapet sine plikter er pro rata.

    • Avgrensa til bestemt brøk Selskapslova § 1-1, jf. § 2-4

    • Må avtalast i selskapsavtalen og registrerast i Foretaksregisteret

Kvifor ANS/DA?

  • Ingen plikt til innskot/eigenkapital, selskapslova § 2-6.

  • Ingen "handleplikt"

  • Ingen "store" reglar om utbytte ol. Selskapslova § 2-26.

  • Lån/kreditt - finansiering?

Nærare om deltakaransvaret

  • Utgangspunkt: Solidaransvar, jf. selskapslova § 2-4 (1)

    • Omsynet til kreditorane

    • Jamstilling (likestilling) av kreditorar

    • Selskapet sine moglegheiter til å få kreditt

  • Kreditor må som utgangspunkt søke dekning hjå selskapet fyrst, jf. selskapslova § 2-4 (2)

    • Tilstrekkelig med 14 dagar betalingsfrist, før krav mot deltakar.

  • Delt ansvar kan avtalast.

Solidarisk og pro rata ansvar

  • Selskap

  • Kreditor

  • Deltakar/eigar

  • Deltakar/eigar
    Døme: Kreditor har eit krav på 500000500 000 kroner,

  • DA: Kvar selskapsdeltakar heftar for halvparten.

  • Kreditor kan krevje 250000250 000 kroner frå kvar deltakar.

  • Solidarisk ansvar: Kreditor kan halde deltakar ansvarleg for heile skulda på 500000500 000 kroner.

Solidarisk ansvar og regress

  • Hovudmål: dele gjeldsansvaret likt på deltakarane.

  • § 2-5. Regress

    • (1) Har en deltaker oppfylt en selskapsforpliktelse, kan han straks søke tilbake sitt utlegg hos selskapet.

    • (2) Får han ikke dekning av selskapet, kan han søke tilbake hos hver av de andre deltakerne det som skulle falle på hver av disse etter selskapsforholdet. Dersom en av de andre deltakerne ikke betaler, deles hans andel mellom de andre deltakerne. For regresskrav etter første og annet punktum her gjelder § 2-4 annet ledd tilsvarende.

    • (3) Bestemmelsene i første og annet ledd kan fravikes ved avtale.

Regress

  • Selskap

  • Kreditor

  • Deltakar

  • Deltakar

  • Regresskrav

    • Mot selskapet: den samla selskapsplikta deltakaren har dekt:

    • Mot annan deltakar: den delen av selskapsplikta som kviler på den andre deltakaren.

Skiping (stiftelse) av ANS/FA

  • Selskapsavtale jf. sel § 2-3: Det avtalerettsleg grunnlaget (selskapets «grunnlov»)

  • Registrering i Føretaksregisteret, jf. foretaksregisterlova § 2-1 nr. 3

    • Krav til opplysningar fylgjer av § 3-4 flg.

  • Ingen minstekrav til kapital, sjå selskapslova § 2-6

    • Ingen reglar om stadfesting av innskot.

  • Ikkje trong for særreglar om personleg ansvar før registrering.

Organ i ANS/DA

  • Selskapsmøte

    • Obligatorisk

  • Styre

    • Valfritt

  • Dagleg leiar

    • Valfritt

Selskapsmøtet - § 2-8.

  • (1) Selskapsmøtet er selskapets øverste myndighet.

  • (2) Når ikke annet er avtalt er samtlige deltakere medlemmer av selskapsmøtet. Stille deltaker er ikke medlem av selskapsmøtet, jf likevel § 2-9 tredje ledd.

Selskapsmøtet

  • Selskapsmøtet er øvste organ, jf. Selskapslova § 2-8

    • Møterett: alle ansvarlege deltakarar har rett til å delt. Kan fråvikast ved avtale.

  • Tilsette representasjonsrett, jf. § 2-9

  • Selskapsmøtets kompetanse

    • Selskapsmøtet kan avgjere alle saker.

    • Om selskapet har styre/dagleg leiar: Mindre viktige avgjerder i desse organa.

  • Avgjerder (beslutninger)som skal gjerast i selskapsmøte

    • Val av styre og dagleg leiar, jf. §§ § 2-13, 2-18.

    • Fjerning av styremedlem, jf. 2-19.

    • Utelukking av selskapsdeltakarar ved utløysing, jf. § 2-23.

    • Oppløysning av selskapet, jf. § 2-37.

Selskapsmøtet - § 2-12

  • Røysterett og fleirtalskrav

    • Selskapsdeltakarane (åleine) har røysterett.

    • Evnt. tilsette representantar har ikkje røysterett.

  • Fleirtallskrav: "Samtlige som har stemmerett må ha stemt for"

    • avgjerder må vera samrøystes (enstemmige)

    • Ingen majoritetsprinsipp.

  • Kan fråvikast i selskapsavtalen – td. fleirtal eller kvalifisert fleirtal for nokre avgjerder.

Styret

  • Valfritt med styre

    • Selskapsmøtet vel

    • Ingen krav til kor mange styremedlemer det skal vera.

  • Ansvar og kompetanse

    • tilnærma likt AS/ASA

    • forvaltingsansvaret.

  • Når styret er vedtaksført (beslutningsdyktig) og krav til fleirtal, sjå selskapslova § 2-16

    • Meir enn halvparten må vera til stades – styret vedtaksført (beslutningsdyktig)

    • Alminneleg fleirtalskrav

Dagleg leiar - § 2-18. Daglig leder

  • (1) Selskapsmøtet kan ansette en eller flere fysiske personer, deltakere så vel som andre, til å forestå den daglige ledelse av selskapet.

  • (2) Den daglige leder skal følge de retningslinjer og pålegg som selskapsmøtet eller styret har gitt.

  • (3) Den daglige ledelse omfatter ikke saker som etter selskapets forhold er av uvanlig art eller av stor betydning. Slike saker kan den daglige leder bare avgjøre når selskapsmøtet eller styret i det enkelte tilfelle har gitt ham myndighet til det, eller når selskapsmøtets eller styrets beslutning ikke kan avventes uten vesentlig ulempe for selskapets virksomhet. Selskapsmøtets medlemmer, og i tilfellet styret, skal i så fall snarest mulig underrettes om saken.

  • (4) Den daglige leder skal særlig påse at formueforvaltningen er ordnet på betryggende måte.

  • Valfritt

    • Tilsett av selskapsmøtet.

    • Negativt avgrensa myndigheit.

Revisor?

  • Revisjonsplikt regulert av revisorlova

    • Revisorloven § 2-1 (2) bokstav e: Viser til terskelverdiane som gjeld aksjeselskap, jf. aksjelova § 7-6 (og forskrift)

    • Revisors plikter fylgjer av revisorlova

Representasjon

  • Utgangspunkt: Kvar deltakar representasjon og teikningsrett

  • Styret – representasjon og teikningsrett

  • Representasjonsrett innanfor dagleg leiing.

  • Selskapsmøte

  • Styre

  • Dagleg leiar

Representasjon - § 2-21.

  • (1) Ansvarlig selskap representeres utad av den enkelte deltaker, som også tegner dets firma. Det kan avtales at bare en eller flere deltakere skal ha rett til å tegne selskapets firma, og at de deltakere som har slik rett må utøve den i fellesskap.

  • (2) Har ansvarlig selskap styre, er det dette som representerer selskapet utad og tegner dets firma. Selskapsmøtet kan bestemme at bare ett eller flere styremedlemmer har rett til å tegne selskapets firma, og at de styremedlemmer som har slik rett må utøve den i fellesskap.

  • (3) Har selskapet daglig leder, representerer denne selskapet utad i saker som faller innenfor hans myndighet etter § 2-18.

Selskapsformuen

  • Utdelingar til deltakarane: Mindre "problematisk" i ANS/DA

  • Deling av overskot og underskot i ANS/DA

    • Utgangspunktet: Likedelingsprinsippet

      • "Overskudd og underskudd skal deles likt mellom deltakerne", jf. selskapslova § 2-25 (1)

    • Kan fråvikast i selskapsavtalen

      • DA: overskot/underskot delt etter avtalt regel om ansvar for selskapet sine plikter, jf. § 2-25 (3)

    • Godgjerlse for arbeidsinnsats, jf. § 2-26.

  • Avgrensingar

    • Deltakarar ikkje gjort opp innskot/har gjeld til selskapet, jf. § 2-26 (3)

    • "åpenbart ville skade selskapets eller kreditorenes interesser" , jf. § 2-26 (4)

Overdraging

  • Andeler i ANS/DA kan ikkje overdragast fritt.

  • Overdragar: Ikkje utan vidare fri for ansvar, jf. selskapslova § 2-30

    • Kreditorar må akseptere ervervar som ny skyldnar

  • Andelar går ikkje i arv

    • Utløysing i pengar, jf. § 2-31.

    • Kan fråvikast ved avtale

  • Deltakeren kan gå ut etter oppseiing

    • Utløysing i pengar, jf. § 2- 32

    • Ikkje utan vidare fri få pliktene selskapet tidlegare har pådrege seg, jf. § 2-35

Oppløysing/avvikling

  • Ordinær oppløysing, selskapslova § 2-37 flg.

    • Avgjerda ligg til selskapsmøtet, og selskapsmøtet står for avviklingen

    • Deltaker kan krevje val av eit «avviklingsstyre»

    • Styre og dagleg leiar trør ut av funksjon

    • Avgjerd meldast til Føretaksregisteret, kunngjering, jf. § 2- 39)

    • Plikter og ansvar: Avviklingsbalanse og omgjering av eigedom til pengar, jf. §§ 2-40 og2-41

    • Deltakar kan krevje at selskapet sine plikter vert betalt/sikra, jf. § 2-41 (3)

    • Deltakarane ikkje fri for ansvar etter avvikling, jf. § 2-42 (krav forelda etter 3 år).

ENK - Einskildpersonføretak (Enkeltpersonforetak)

  • Berre ein fysisk person som eig næringsverksemda

    • "virksomhet som utøves for enkeltpersons regning og risiko", jf. selskapslova § 1-1 (3)

  • Ikkje eigne rettssubjekt – kan ikkje pådra seg rettar og plikter.

  • Uavegrensa ansvar: Eigaren heftar personleg for verksemda sine samla skuldnarar/plikter

  • Ingen eigen lov

    • Nokre reglar i selskapslov gjeld ved meir enn 30 tilsette,jf. § 1-1 (3)

  • Organisasjonsnummer gjennom registering i Enhetsregisteret

  • Høve til regisering i føretaksregisteret, sjå føretaksregisterlova § 2-2.

  • Kan ikkje overdragast.

  • Kan ikkje beinvegs skipast om til AS.

  • Revisjonsplikt

    • same terskelverdiar som for AS, jf. revisorlova § 2-1 (2).

Samvirke - Samvirkeforetak SA - Samvirkelova (2007)

Kva er samvirkeføretak

  • «Kapitalselskapa» (AS/ASA)»:

    • Som regel mål om avkasting

    • Som regel eksterne kundar og leverandørar

  • Samvirkeføretak:

    • Trongen (behovet) medlemane har for samarbeid – det kooperative – er det sentrale.

    • Hovudmålet ofte å dekkje trongen medlemane har for avsetjing eller forsyning av vare eller teneste

  • Medlemane også leverandør til/eller kunde til samvirkeføretaket

    • Samanslutningsrettsleg og kontraktrettsleg relasjon til føretaket.

Skilnader mellom "kapitalselskap" og samvirkeføretak

  • Leverandør

  • Samvirkeføretaket

    • Føremålet: Fremje dei sams interessene til medlemane (avsetnad (avsetning), forbruk osb.)

    • Kapitalselskap

      • Formål: avkasting på investert kapital

    • Kundar

      • Eigarar

        • Formål: Omsetje varer som medlemane leverer til føretaket/evnt. skaffe

      • Kundar

      • Medlemar

      • Kundar/leverandørar

Samvirkeføretak - andre kjenneteikn

  • Eigne rettssubjekt

  • Har «medlemmer»

  • Avgrensa ansvar (som AS)

  • Ingen innskotsplikt (ulikt AS, likt ANS)

  • Stifta av minst to – (likt som ANS/DA)

  • Hovudregel: Ope medlemskap (ulikt AS/ANS)

Samvirkelova 2007

  • Men – den kooperative modellen er ikkje noko nytt fenomen.

    • Røter frå 15- og 1600-talet – lag og brannkasser

    • Mjølk og meieri frå midten av 1800-talet

    • Landbruket har vore ein viktig samvirkefaktor:

  • Samvirkelova – fyrste generelle samvirkelov

  • Døme (eksempel): Tine, Nortura, Coop, Felleskjøpet agri, veg, barnehagar og utmarkslag.

  • Merk: burettslag – burettslagslova 2003

Samvirkelova - definisjonar - § 1. Verkeområde

  • (1) Lova gjeld for samvirkeforetak.

  • (2) Med samvirkeforetak er meint ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte, og der

    • avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, anten blir ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og

    • ikkje nokon av medlemmane har personleg ansvar for skyldnadene til samanslutninga, udelt eller for delar som til saman utgjer dei samla skyldnadene.

  • (3) Eit samvirkeforetak ligg også føre dersom interessene til medlemmane som nemnt i andre ledd, blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som samvirkeforetaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak, medrekna eit sekundærsamvirke etter § 4 andre ledd. Det same gjeld dersom interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som sekundærsamvirket eig åleine. Kongen kan ved enkeltvedtak i særlege tilfelle godkjenne at det ligg føre eit samvirkeforetak også om interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med andre samanslutningar enn dei som er nemnde i dette leddet.

  • (4) Lova gjeld ikkje for:

    • aksjeselskap

    • allmennaksjeselskap

    • bustadbyggjelag

    • burettslag

    • gjensidige forsikringsselskap

    • dottersamvirkeforetak

Samvirkelova - definisjonar - § 3. Ansvarsavgrensing o.a.

  • (1) Medlemmane heftar ikkje overfor kreditorane for foretaksskyldnadene.

  • (2) Medlemmane har ikkje plikt til å gjere innskot i foretaket, om ikkje den einskilde medlemmen har vedtatt dette skriftleg ved teikninga av medlemskap eller ved særskilt avtale. Ei plikt til å gjere innskot må vere avgrensa beløpsmessig eller på annan måte. Kravet til vedtaking etter første punktum gjeld ikkje for plikt etter vedtektene til å betale andelsinnskot.

Samvirkeføretak - definisjon

  • Samanslutningskriteriet

    • Krav om at det må liggje føre ei samanslutning (sammenslutning)

    • Sams aktivitet mot sams mål.

    • Må ha noko omfang og lengde (ikkje tolka strengt)

  • Formålskriteriet

    • Krav om økonomisk hovudmål

    • Sikre medlemane sine intersser som kunde eller leverandør

  • Omsetnadskriteriet

    • Krav om omsetnad mellom medlem og føretak

    • Kan ikkje ha omsetnad med utanforståande som hovudmål.

  • Fordelingskriteriet

    • Krav om at avkasting (overskot) vert fordelt etter omsetnaden mellom medlem og føretak

    • Avkasting (etterbetaling) vert fordelt etter omsetnad, sjå samvirkelova § 27.

  • Ansvarsavgrensing

    • Krav om at medlemane sitt ansvar for samanslutninga sine plikter er avgrensa.

    • Medlemar heftar berre med (eventuelt) innskot overfor kreditorane, jf. § 3.

Stifting av samvirkeføretak

  • 1. Utarbeiding av stiftingsdokument og vedtekter

    • Krav om stiftingsdokument, samvirkelova § 8

    • Krav til stiftingsdokumentet, § 9

      • Vedtekter, jf. § 10

      • Namn, stiftarar, styret.

      • evnt. Innskot.

    • Krav til vedtektene § 10

      • Føremål

      • Evnt. medlemskontigent

      • Ssaker som skal handsamst på ordinært årsmøte, bruk av overskot, jf. § 26. osb.

  • 2. Innbetaling av eventuelt innskot og innhenting av stadfesting på at dette er innbetalt, § 12

  • 3. Registrering i Føretaksregisteret innan 3 månader, § 12.

Medlemskap

  • Prinsippet om ope medlemskap, jf, samvirkelova § 14 (1)

    • Forbrukarar, næringsdrivande og andre som kan få sine økonomiske interesser varetatt av eit samvirkeforetak, har rett til å bli medlem av foretaket ved innmelding.

    • Foretaket kan berre nekte nokon å bli medlem dersom det er sakleg grunn for det.

    • Vedtektene kan innehalde vilkår for å bli og for å vere medlem så langt det er sakleg grunn for det.

  • Grunnleggande prinsipp om likebehandling, § 17

  • Plikt til å opprette medlemsregister ved stifting, § 18

  • Medlemsrettar/plikter, §§15 og 16

Organ i ANS/DA

  • Årsmøte

    • Obligatorisk

  • Styre

    • Obligatorisk

  • Dagleg leiar

    • Kan fråvikast i vedtektene

Organ i samvirke

  • "Årsmøtet har øvste myndet i foretaket", jf. samvirkelova § 35.

    • «Ordinært» og «ekstraordinært» årsmøte etter mønster frå akjselova, sjå samvirkelova §§ 41 og 42

    • Alle medlemer har møterett

    • Kvart medlem har ei røyst kvar, jf. § 38, men høve til å fastsetje røystegjeving etter omsetnad.

    • Fleirtalskrav: sjå §§ 53-55

  • "Foretaket skal ha eit styre med minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det skal vere to."

    • Forvaltninga av føretaket høyrer under styret, §76.

    • Tilsynsansvar, § 77.

    • Vedtaksføre og fleirtalskrav, sjå §§ 86/87.

    • Representerer føretaket utetter, § 92.

Kapitalforhold

  • Sammenslutningsform med avgrensa ansvar for medlemane

    • Krav til forsvarleg eigenkapital med handleplikt – ligg til styret, § 25.

    • Ikkje skilje mellom bundet og fri eigenkapital

  • Utdeling av opptent overskot

    • «Etterbetaling» til medlemane, jf. § 27

    • Fordelingsnorm: Etter omsetnad med føretaket.

    • "Prinsippet om utdeling på grunnlag av omsetning med foretaket (patronasjeprinsippet) må sjåast i samanheng med samvirkeformålet. Hovudformålet med eit samvirkeforetak er ikkje å skaffe størst mogleg avkasting på investert kapital, men å dekkje eit felles behov for avsetjing (produksjons- og salssamvirke) eller forsyning (innkjøpssamvirke og anna forsyningssamvirke). I samvirkeforetak er det ikkje eit mål i seg sjølv å oppnå overskot, men å tilby medlemmane gunstige prisar eller å dekke eit felles behov. Når det likevel oppstår overskot, kan ein sjå det slik at medlemmane har fått for lite for leveransane sine eller har betalt for mykje for forsyningane sine. Slik sett får overskotsfordelinga preg av priskorrigering. Grunnleggjande rettferdsomsyn tilseier då at overskotet bør fordelast på grunnlag av kor mykje kvar einskild medlem har omsett med foretaket."Ot. prp. nr. 21 (2006 – 2007) s. 142

Overdraging av medlemskap - Samvirkelova § 20

  • (1) Medlemskap i samvirkeforetak kan ikkje gå over til ein ny medlem. Medlemskap som er knytt til fast eigedom, kan likevel gå over til ein ny medlem saman med eigedomen dersom ikkje vedtektene seier noko anna.

  • (2) Vedtektene kan fastsetje at medlemskap skal kunne gå over til ein ny medlem med samtykke frå styret, dagleg leiar eller andre.

  • "Personforetak er foretak der aktiv medlemsdeltaking er grunnlaget for verksemda, medan kapitalforetak er foretak der kapitalinnskot er grunnlaget for verksemda. Personforetaka er på ein heilt annan måte enn kapitalforetaka avhengige av at deltakarane tek aktivt del i den økonomiske verksemda. Dette skaper i mange tilfelle ein nær relasjon og eit avhengigforhold mellom foretaket og medlemmane som gjer at ein medlem ikkje utan vidare kan overføre medlemskapen sin til ein annan. Dette stiller seg annleis i kapitalselskapa, der den økonomiske deltakinga oftast vil ha karakter av passiv kapitalplassering, og der kontrahering med eigarane ikkje inngår som ein sentral del av verksemda." » Ot.prp.nr. 21 (2006–2007) s. 107.

Oppløysing og avvikling - Sam e som for AS

  • Ordinær oppløysing, tvangsoppløsning og konkurs

    • Ordinær oppløysing, § 127

      • "(1) Vedtak om å løyse opp samvirkeforetaket blir gjort av årsmøtet med fleirtal som for vedtektsendring."

      • (2/3, jf. § 54)

    • Gjennomføring av avvikling:

      • «avviklingsstyret» trør inn for styret, jf. § 128

      • Skal meldast til Føretaksregisteret, § 129 og kreditorar skal varslast, jf. § 130.

    • Krav til avviklingsbalanse, jf. § 132

    • Dekningsprinsipp, jf. § 133

    • Omgjering av eigedelar til pengar, jf. § 134

    • "Utdeling til medlemmane eller anna disponering over gjenverande midlar kan ikkje finne stad før foretaksskyldnadene er dekte.", jf. § 135 (1)

Val av selskapsform

  • Kor mange?

    • Næringsverksemd åleine - AS eller ENK.

    • Næringsverksemd saman med andre: AS/ANS/DA (SA)

  • Innskotsplikta

  • Personleg risiko – ansvar for gjeld

  • Tilgang til selskapet sin kapital

  • Organisatoriske tilhøve - administrative kostnader

  • Skatt

Kontrollspørsmål

*